Eldhusopplevingar

Eit eldhus eller røykstove er frå gammal tid det huset på garden der ein hadde open eld. Bolighus og andre bygg hadde ikkje innlagt varme, då brannfaren var stor og konsekvensane av "eldsvåde" øydeleggande.

Eldhusa på Voss syner ein unik tradisjon som er bevart rundtom på gardane, til tross for at bolighusa fekk innlagt varme. Først med skorstein og omnar, og etterkvart med elektrisk oppvarming. Grunnen er at Vessene (som ein kallar folk på Voss) heldt fast på mattradisjonar og bryggeskikkar som nytta eldhuset; røykt kjøt, flatbrødbakst og heimabrygg.

Me ynksjer velkomne til eldhusopplevingar på garden.

Ein komplett brygging av tradisjonsøl i eldhuset tek 10-12 timar, difor har me laga eit kursopplegg over 3 dagar.

For å gjera det mogeleg for travle byfolk å vera med kan me "juksa litt". Då kan ein få oppleva ei av dei sentrale delane av eldhusbryggjing uten all ventinga; Trekking av einerlåg - og smaka litt på kveikøl.

Les meir om eldhus her: Røykstova : bustad gjennom tusen år av Ole Didrik Lærum

 

Me deltek i VM i Jolaøl! No vert tilskipinga i Voss Ungdomshall den 17.12.21 ikkje noko av grunna Covid. Me vonar du får eit anna høve til få ein smak av ølet vårt.

Her er ein smakebit frå brygginga.

 

Lær deg heimabrygging i eldhuset

Fenalår. Foto: Claire Bullen

Fenalår. Foto: Claire Bullen

Kveiken og tradisjonen med heimabrygg kan berre overleve om nokon hald fram med å bryggja på tradisjonelt vis. Bli ein tradisjonsberar du og!

Me tilbyr pakkeløysingar med bryggekurs i eldhuset for grupper på 5 - 8 personar. Då får ein oppleve atmosfæra i eldhuset med koking av einerlog og vørter, og det vert servert lokal spekemat og flatbrød. Me fortel om brygging av gardsøl med kveik og historia til eldhusene, og det vert smaking av einerlog og vørter. Og når jobben er gjort kan me smaka på litt ferdig brygg.

Ein kan velga å bu på garden med fullpensjon, eller nytte anna overnatting. Om ein bur på garden får ein høve til å oppleva den gode stemninga etter arbeidsøkta, og ein slepp å tenkje på å køyra bil.

Kursinnhald

Bryggjekurs- og oppleving. Kapasitet: maks 8. Fredag til søndag eller mandag til onsdag.

Ankomstdag:
• Innsjekk fra 15.00 og utover.
• Innlosjering i Gamlahuset.
• Enkel servering av lokalmat. Beta suppe + brød, som gjestene kan forsyne seg av når de kommer.
• Brief for resten av kurset. Slapper av i stuen i Gamlahuset (Kårbolig), blir kjent.
• Læra om bryggetradisjonar og historie.

Bryggedag:
• Oppstart kl. 8.00.
• Brygge eit heilt brygg fra starten av. Koking av einerlåg, mesking, lære om prosessen, renning, koking, humling, kjøling, øl på gjæring, tilsette kveik (Kveikrop!).
• Oppsummering av dagens gjeremål, kva har me lært? 
• Middag og historiefortelling rundt bordet og smaking.

Avreisesedag:
• Frokost
• Oppsummering av kurset
• Avreise
 

Når vørteren er kokt og avkjølt skal ein til vanleg ha i kveiken. Men om du er langvegsfarande kan du få med ein gjæringskanne med vørter og eit glas med kveik. Då kan du sjøl kveika ølet nå du kjem heim. Hugs å gaule!

 

 

“Kveik-rop: "Ein skal kauka i gjæringskaret når ein har i kveiken for at ølet skal bli sterkt og godt!" Då skremmer ein bort vonde maktar.”

Mesking i Eldhuset. Einerlåg og malt hellast i gilsåen (meisketønna). Foto: Rune Sævig

Mesking i Eldhuset. Einerlåg og malt hellast i gilsåen (meisketønna). Foto: Rune Sævig

Ein oppleving med einerlåg og spekemat

Hausting av einer. Foto: Rune Sævig

Hausting av einer. Foto: Rune Sævig

Einerlåg, eller Sprakalóg, er ein viktig ingrediens i tradisjonelt heimabrygg. Den gir god smak og aroma, og ein nyttar og kvistane til "rost" (sil eller rist) i mesketønna for at ikkje maltet skal synke til botn og tetta att tappekrana. Einer plukkast i skogen før koking, og ein nytter både kvist, nålar og einebær. Desse gjev garvesyre, harpiks og oljer frå treet til ølet.

Me tilbyr pakkeløysingar med elhusoppleving for grupper på 5 -10 personar. Då får ein oppleve atmosfæra i eldhuset med trekking av einerlog, og det vert servert lokal spekemat og flatbrød.

Einerlågoppleving

• Antall personer: fra 5, maks 10, mulig 15.
• Tid: 2-3 timer
• Trekking av sprakjelåg (oversatt: fyre under kjelen, koker opp, putter einer nedi gryten, utrekk av einerlog. ).
• Kjetil fortel om brygging av gardsøl og historia til eldhusene, og  om kva han gjer videre i bryggeprosessen.
• Smake spekemat og øl laga med kveik. Det vert lukting og smaking (av einer-uttrekket), og dømer på ulike brygg. 

Me ynskjer å gje ein best mogeleg oppleving, tilpassa den einskilde gjest. Ta kontakt, so lagar me eit tilbod som fell i smak!