Overnatting nær Voss

Garden ligg idyllisk til mellom bakkane i skogen. Herifrå har du utsikt til Lønahorgi og fjella over Fenne. Trivelig overnatting nær Voss.

Me tilbyr overnatting i Gamlahuset med 8 sengeplassar, eller meir eksotisk – Glamping i skogen.

Du får huset eller tipien for deg sjølv, men om du tar ein tur i hagen kan du koma til å treffa på oss. Me tilbyr også opplevingar i eldhuset, den gamle årestova som i gamal tid vart brukt til bakst og koking av både mat og øl.

Gamlahuset

Stova i Gamlahuset

Stova i Gamlahuset

Gamlahuset er bygd i 1860, og renovert mellom 2013-18. Huset har til saman 8 sengeplassar, eit lite kjøkken og ei stove. Bad med dusj og toalett. I det gamle mjelkerommet i låven er det vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, toaletter og dusj. Me har valgt å behalda den gamle stilen og atmosfæra, men baderom og VVS er heilt fornya.

Frå garden på Dale er det kort veg til alpinanlegget i Bavallen eller langrennsløypane på Herresåsen. Bak garden er det flott turterreng, der du kan gå til Håset eller Grønahorgi.

Glamping

Gled deg til ein herleg telttur i eit Tentipi Aurum

Gled deg til ein herleg telttur i eit Tentipi Aurum

No kan du bu behageleg på telttur. Her kan du nyta skogens ro i ein romsleg og glamorøs lavvo, med kort veg til siviliserte fasilitetar. Om du vil vakna til fuglekvitter eller dalande nysnø avheng av sesongen og vergudane, men me kan lova ein unik og behageleg overnatting i naturen.

Glamping betyr å bu i eit stort telt som er koseleg og stilig innreda med senger, bord og stoler. Du kan sei farvel til tronge soveposar. Hos oss søv du i dyner og puter med sengetøy, og ein vedomn gjev lun varme i teltet; ein Tentipi Aurum 33, som er det ypperste innan luksustelt.

Me vonar å ha tipien klar til utleige i løpet av våren. Ta kontakt!